Viser innlegg med etiketten Forbruker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Forbruker. Vis alle innlegg

søndag 23. januar 2011

Kafé Brasil

I går oppdaga eg ein ny kafé. Det er ikkje ofte. Eg er jo ikkje så ofte på kafé, og når eg går på kafé, så blir det gjerne den same som forrige gang. Men ikkje i går. Etter litt trasking i Bergens gater med min kjære, var vi trøtte, våte og litt kalde og trengte en liten pause. Eg hadde hørt om kafeen før, for Benedikte har prata om den til meg. Café Brasil. (En kafé driven av frivillige, der pengane går til gatebarnprosjektet til Gregory Smith i Brasil, Kolibri- Children at risk foundation). Men eg har aldri vore der.
Då vi plutselig stod utenfor kafeen og såg inn, såg det ikkje heilt innbydande ut, men så såg vi eit smil og ei hand som vinka oss inn, og dermed var kafédestinasjonen bestemt.

Inne var det mykje meir koseleg enn ute i gata, som er prega av vegarbeid for tida. Små bord, med gode stoler som var måla i ulike varme fargar. Ein sofakrok var det også der. Og menneska var trivelege og slo gjerne av ein prat. I tillegg til at ein kan kjøpe kaffi i ulike variasjoner til ein meir hyggeleg pris enn på kommersielle kafeer, kan ein også tømme lommeboka ved å kjøpe smykker, vesker, klær, hengekøye, dukker, notatbøker, malerier m.m, alt laga av barn i Brasil. Eg og Einar likte spesielt godt fleire av bileta som hang på eine veggen og blei mektig imponert, då vi såg alderen på kunstnarane.

Då vi hadde drukke kaffien vår, drøymt oss vekk til ulike bryllupsreisedestinasjonar og prata litt med andre på kaffene, bar turen ut i lørdagsregnet igjen. Mykje meir nøgde enn vi var ein time tidlegare.


mandag 8. februar 2010

sugar-sugar, du du du du du du, ah honey-honey

Ein vakker dag i januar unna eg meg noko godt. Ein julegris frå tilbudshylla på Rema 1000. Eg klødde i fingrane etter å opne grisen og sluke han heil med ein gong, men klarte å vente til eg satt i sofaen hos Einar og kunne nyte grisen fullt ut. Eg opna den raude plasten og satte tennene i rumpa på han. Tennene vassa i vatn, men grisen levde ikkje opp til forventningene. Han smakte rett og slett grusomt. Eg måtte leggje den frå meg og måtte i staden takle abstinensene på sukker. Eg klaga på grisen til Nidar. Eg var redd det hadde skjedd noko skikkelig gale i produksjonen.
Etter ei stund, eit stykke ut i februar, i dag faktisk, så fekk eg pakke i posten frå Nidar. Dei beklaga at grisen min ikkje smakte som han skulle, og eg hadde også heilt rett i at han ikkje var som han skulle. Eg er nøgd med plasteret på såret:

onsdag 20. januar 2010

Røde sko

Eg har vært uten røde sko i det siste. En hard tilværelse for en som har vendt seg til å ha et par røde sko. I romjula oppdaga eg at skoa mine hadde hull. Hull rett fra foten og ut i snøen. Ingen ideell situasjon i vinterkulda. Skoene måtte dermed tilbake til butikken. Eg ville ikkje ha tilgodelapp eller nye sko av annen type. Eg ville bare at mine røde sko skulle bli bra igjen. Dessverre sto ikkje skoene til å redde, men heldigvis hadde de et tvillingpar i en annen butikk. Det siste paret som var igjen av røde sko i min størrelse. Den hyggelige dama i butikken fikk skoene sendt til seg, men så forsvant skoene i et kaos. Ingen visste kor skoene var. Stakkars mine nye røde sko. De må ha kjent seg helt fortapt. Butikken ville gi meg tilgodelapp og mulighet til å kjøpe noen andre sko. Men eg gav ikkje opp håpet på at de røde skoene ville dukke opp igjen. Eg ventet ved telefonen i dag ut og dag inn. Og langt ut på dagen i dag kjente eg det: Det dirret i lommen. Det var telefonen som vibrerte. Eg flippet diskre opp telefonen og leste meldingen som var tikket inn. Skoene var kommet til rette og eg kunne komme og hente de i butikken!
Endelig! Eg har et par røde sko igjen!

tirsdag 8. desember 2009

Leseluke

I dag ligger det en spennende link i adventskalenderen. Les, bli opplyst og boikott. Det er min oppfordring.

-Eirik Magnus Bruvik-

torsdag 15. oktober 2009

Posten Norge

Eg hadde stått i kø i det som kjentes som timesvis, men det var nok nærare 25 min. Mannen i post i butikk brukte meir tid på telefonkunder enn dei som danna ein ti meter lang kø, nesten heilt ut på gata.
Då det endeleg blei min tur, scanna han inn pakkeseddelen min, såg på meg og sa: Denne pakken ligg på hovedpostkontoret. Han gav meg pakkelappen og eg gjekk utan eit ord.

Eg kom meg ned på Exhibition. Tok rulletrappa opp ein etasje og trakk kølapp. Seig ned i ein stol. Orka ikkje rette på jakka. Det tok heldigvis ikkje lange stunda før nummeret mitt blinka meg til postskranke nummer 8. Eg oppdaga at nokon hadde gløymt ein paraply på veskehylla framfor disken. Eg plukka han opp.
Nokon har visst gløymt denne, sa eg og gav den til postdama. Hva skal jeg med den? svarte ho.
Eg blei mållaus ein augneblink. Det er ei svært kort stund. Det kan jo hende at den som har gløymd paraplyen sin kjem tilbake og spør etter han, sa eg og dama tok motvillig paraplyen og plasserte han bak seg. Eg strakte fram pakkeseddelen min. Er det nokon informasjon på denne som fortel meg at det er her pakken min ligg og ikkje på eit anna postkontor?
Det var det visst ikkje. Eg funderte på om pakka mi hadde havna på hovudpostkontoret ved rein slump eller om det var her eg måtte gå seinare også om eg ville ha posten min som ikkje kunne klemmast inn gjennom brevsprekken i døra. Eg spurte om ho visste. Nei, jeg er ikke kjent i Bergen.
Nei vel, kan du finne det ut på en måte?
Du må nok ringe til Posten, svarte ho.
Eg blei atter ein gong mållaus. Eg rakk å blinke fleire gonger med augo.
Der stod eg jo, på hovudpostkontoret i den andre størte byen i Norge, og eg kunne ikkje få svar på spørsmålet mitt. Eg måtte ringe Posten! Eg prøvde å ikkje bli for spydig då eg fortsatte:
Du kan ikkje høyre med nokon av kollegane dine då? Ho hadde ei dame 1, 5 meter bortanfor seg og i det eg spurde gjekk det ei anna dame forbi bak ryggen på ho. Men likevel var det visst ikkje mogleg for ho å få hjelp til å hjelpe ein kunde med ei lite spørsmål. Du kan spørre sjølv, sa ho og peikte meg i retning av ei anna skranke 7 meter bortanfor.
Ja, ja, sa eg og eg er redd eg himla litt med augo, la meg få pakken min.
Eg fekk pakken, gjekk bort til dama ho peika på og la fram spørsmålet mitt.
Ja, du har hovedpostkontor her. Ho kunne søkt det opp på datamaskinen sin på 2 sekund, men det trong ho ikkje, for ho var kjent i Bergen.

Eg fekk ein ny pakkeseddel i dag. Dagen etter. Eg gjekk ikkje innom post i butikk. Rett til Hovudpostkontoret. Trakk kølapp. Prøvde å sjå om same dama var på jobb. Kunne ikkje sjå ho. Det blei min tur. Og der stod ho. Bak mi skranke. Eg hilste høfleg. Gav ho pakkeseddelen.
Kan du signere her, sa ho og peika på feltet der det stod at pakken er mottatt. Strengt tatt har eg ikkje motatt pakken enno, sa eg. Ho mumla noko om at då hadde ho ikkje trengt å gå to gonger. Eg fekk pakken min. Signerte. og takka for meg.

fredag 18. september 2009

40% rabatt

Jeg ble fanget av akkurat de ordene på en stor plakat på Bergen storsenter i dag. Det som det var rabatt på var bilder på lerret og plakat. Jeg gikk inn på FotoKnudsen for å spørre om noe jeg lurte på. Jeg ble ørlite grann sjokkert over svarene jeg fikk.

Det jeg lurte på var hvor mye av bildet som jeg måtte regne med ble en del av kanten og baksiden av bildet i prosessen det er å feste lerretet til en ramme. Mannen i butikken svarte at han ikke kunne gi meg noe svar på det, men at jeg burde beregne mye luft rundt motivet i bildet mitt.
Hva er det han tror jeg driver med, egentlig? vilkårlig fotografering? tror han jeg ikke har et bevisst forhold til negativt rom i bildene mine? Svaret er nok dessverre ja. Han fortsatte med å forklare meg hvordan alt er så enkelt og greit og selvforklarende på nettet, ja for det er jo selvfølgelig på nettet jeg må legge inn bestilling. Problemet er at heller ikke der får jeg noe klart svar på hvor mye som "skjæres" vekk av det egentlige bildet. Hadde jeg visst det, så hadde det vært lettere å redigere bildet akkurat slik jeg vil ha det.

Jeg ble litt forundret over FotoKnudsens manglende behjelpelighet og lurte dermed på om de var like vanskelige på andre områder også. Jeg spurte dermed mannen i butikken om bildene mine blir beskåret etter standarden uansett hvordan bildefilen er, eller om de tar bredden som standard og gjør bildet så langt som filen faktisk tilsier at bildet skal være. Her måtte han sukke litt oppgitt og forklare meg litt belærende at alt foregår automatisk no til dags, og at om jeg bestiller et bilde som skal være 20 cm bredt så blir det 30 cm langt. "Man kan ikke overstyre automatikken, vet du". Jeg var allerede ganske langt inne i et kverulerende humør og svarte like belærende tilbake, at "jo, det er ikke noe problem, det handler bare om hva FotoKnudsen er villige til å tilby, og om dere vil være konkurransedyktige i markedet. Flere andre tilbyr nemlig slik kutting av bildene". Igjen fikk jeg slengt tilbake at automatikken overstyrer, og at det vil bli dyrere.

Er det altså slik at forbrukeren har tapt for automatikken?

Nei, heldigvis ikke. Jeg kan bare velge en annen leverandør enn FotoKnudsen.