Då vi plutselig stod utenfor kafeen og såg inn, såg det ikkje heilt innbydande ut, men så såg vi eit smil og ei hand som vinka oss inn, og dermed var kafédestinasjonen bestemt.
Inne var det mykje meir koseleg enn ute i gata, som er prega av vegarbeid for tida. Små bord, med gode stoler som var måla i ulike varme fargar. Ein sofakrok var det også der. Og menneska var trivelege og slo gjerne av ein prat. I tillegg til at ein kan kjøpe kaffi i ulike variasjoner til ein meir hyggeleg pris enn på kommersielle kafeer, kan ein også tømme lommeboka ved å kjøpe smykker, vesker, klær, hengekøye, dukker, notatbøker, malerier m.m, alt laga av barn i Brasil. Eg og Einar likte spesielt godt fleire av bileta som hang på eine veggen og blei mektig imponert, då vi såg alderen på kunstnarane.
Då vi hadde drukke kaffien vår, drøymt oss vekk til ulike bryllupsreisedestinasjonar og prata litt med andre på kaffene, bar turen ut i lørdagsregnet igjen. Mykje meir nøgde enn vi var ein time tidlegare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar