torsdag 15. oktober 2009

Posten Norge

Eg hadde stått i kø i det som kjentes som timesvis, men det var nok nærare 25 min. Mannen i post i butikk brukte meir tid på telefonkunder enn dei som danna ein ti meter lang kø, nesten heilt ut på gata.
Då det endeleg blei min tur, scanna han inn pakkeseddelen min, såg på meg og sa: Denne pakken ligg på hovedpostkontoret. Han gav meg pakkelappen og eg gjekk utan eit ord.

Eg kom meg ned på Exhibition. Tok rulletrappa opp ein etasje og trakk kølapp. Seig ned i ein stol. Orka ikkje rette på jakka. Det tok heldigvis ikkje lange stunda før nummeret mitt blinka meg til postskranke nummer 8. Eg oppdaga at nokon hadde gløymt ein paraply på veskehylla framfor disken. Eg plukka han opp.
Nokon har visst gløymt denne, sa eg og gav den til postdama. Hva skal jeg med den? svarte ho.
Eg blei mållaus ein augneblink. Det er ei svært kort stund. Det kan jo hende at den som har gløymd paraplyen sin kjem tilbake og spør etter han, sa eg og dama tok motvillig paraplyen og plasserte han bak seg. Eg strakte fram pakkeseddelen min. Er det nokon informasjon på denne som fortel meg at det er her pakken min ligg og ikkje på eit anna postkontor?
Det var det visst ikkje. Eg funderte på om pakka mi hadde havna på hovudpostkontoret ved rein slump eller om det var her eg måtte gå seinare også om eg ville ha posten min som ikkje kunne klemmast inn gjennom brevsprekken i døra. Eg spurte om ho visste. Nei, jeg er ikke kjent i Bergen.
Nei vel, kan du finne det ut på en måte?
Du må nok ringe til Posten, svarte ho.
Eg blei atter ein gong mållaus. Eg rakk å blinke fleire gonger med augo.
Der stod eg jo, på hovudpostkontoret i den andre størte byen i Norge, og eg kunne ikkje få svar på spørsmålet mitt. Eg måtte ringe Posten! Eg prøvde å ikkje bli for spydig då eg fortsatte:
Du kan ikkje høyre med nokon av kollegane dine då? Ho hadde ei dame 1, 5 meter bortanfor seg og i det eg spurde gjekk det ei anna dame forbi bak ryggen på ho. Men likevel var det visst ikkje mogleg for ho å få hjelp til å hjelpe ein kunde med ei lite spørsmål. Du kan spørre sjølv, sa ho og peikte meg i retning av ei anna skranke 7 meter bortanfor.
Ja, ja, sa eg og eg er redd eg himla litt med augo, la meg få pakken min.
Eg fekk pakken, gjekk bort til dama ho peika på og la fram spørsmålet mitt.
Ja, du har hovedpostkontor her. Ho kunne søkt det opp på datamaskinen sin på 2 sekund, men det trong ho ikkje, for ho var kjent i Bergen.

Eg fekk ein ny pakkeseddel i dag. Dagen etter. Eg gjekk ikkje innom post i butikk. Rett til Hovudpostkontoret. Trakk kølapp. Prøvde å sjå om same dama var på jobb. Kunne ikkje sjå ho. Det blei min tur. Og der stod ho. Bak mi skranke. Eg hilste høfleg. Gav ho pakkeseddelen.
Kan du signere her, sa ho og peika på feltet der det stod at pakken er mottatt. Strengt tatt har eg ikkje motatt pakken enno, sa eg. Ho mumla noko om at då hadde ho ikkje trengt å gå to gonger. Eg fekk pakken min. Signerte. og takka for meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar