![]() |
Ender på glattisen før snøen kom |

Austlendingen min og eg er ikkje dei raskaste til å ta i bruk snøen. Vi gjekk til innkjøp av nye rumpeakebrett, men bestemte oss for å ta ein skitur først. Det hadde seg slik at den skituren vart planlagt til ein tidleg morgon, då vi visste at regnet skulle komme utpå formiddagen. Så hadde det seg slik at morgonen ikkje vart så tidleg som planlagt og i det vi parkerte bilen på Frotveit, så begynte det å regne. Det frista ikkje i det heile tatt for ein austlending å gå på skitur i regnvêr. Det frista ikkje for ein vestlending heller, må eg vel innrømma. Vi var likevel begge einige om at det hadde vore ein flott biltur i vinterlandskapet med hyggeleg selskap av Vebjørn Selbekk i jul i P2.

No har snøen snart regna vekk, og eit nytt år bankar på døra. Kva for forsett skal ein ha?
Eg og austlendingen min har prata litt om det. Men meir om det ein annan gong.