
Eg har vore i mange tårn etter kvart. Det
er slikt ein driv med på storbyferiar. Ein klatrar opp i eit tårn, får
fugleperspektiv over byen og kjenner litt på lengselen etter å vere ein fugl. I
byen min har vi Ulriken til slikt. Der får ein verkeleg flott utsikt, men det
er ikkje eit tårn. Det er noko eige med tårn. Som student var Johanneskyrkja
litt mi. Og ho fascinerar meg framleis der ho ruver på toppen av Nygårdshøyden
og speidar nedover mot byen vår. Tanken har slått meg nokre gongar: -Tenk å få
kome opp i det tårnet der! Men her i byen er det ingen billettseljar i
våpenhuset og heller ingen lang kø av turistar utanfor. Eg er i grunnen glad
for det, men likevel, eg synest det hadde vore stas å få klatre til topps i det
raude tårnet med grønt tak.
Plutseleg ein dag er det nett dette eg skal
få lov til. Hæ?!? Skal eg få kome opp i tårnet på Johanneskyrkja? Ja, det gjeld
å ha dei rette kontaktane.
Eg har sommarfuglar i magen og gler meg
til denne turistopplevinga i eigen by. Kantoren i kyrkja viser oss oppover
trappene og opp til rommet der kyrkja sitt nye instrument står, nemleg
klokkespelet. Eller til rommet der ein kan spele på klokkene, for klokkene heng
lenger oppe. Instrumentet er fascinerande og kantoren speler ein salme for oss.
Ja, det er vel ikkje berre for oss, for sjølv om det er ein liten intimkonsert,
så får heile byen høyre den samtidig. Eg får avslutte konserten med eit slag på
den største klokka. Ho som veg 2, 3 tonn. Ei djup, varm tone kling gjennom
byen.
Vi klatrar opp gjennom luka til sjølve
klokkene. 48 klokker i ulike storleikar. Frå den minste på 80 kilo til den
aller største på 2,3 tonn. Dei har alle sin plass i heilskapen. Og kvar klokke
har eit eige sitat støypt inn.
”..Musikk til tausheten..”
”Men vi er begynt å like dette regnet”
”Størst Ære til Gud”
Det er uverkeleg å stå inntil desse klokkene som sender sin klang over byen fleire gonger i døgeret. Det er ikkje
store plassen for eit lite menneske å ta seg rundt på og eg må smyge meg langs
klokkene for også å få eit glimt utover Bergen. Det kjennest som vi er på
toppen av tårnet, men eg ser det går ei gammal og skrøpeleg trapp vidare
oppover. Eg spør om eg kan få lov å gå vidare opp. Eg har 7 minuttar på meg før
klokkene skal slå. Held det tru? Eg kjem opp fyrste trappa og klatrar
forbi dei gamle klokkene. Dei er framleis i bruk. Dei kallar inn til
gudsteneste, høgmesse og bryllaup. Dei har framleis den viktigaste oppgåva.
Eg klatrar forbi dei og vidare oppover. Eg
kjem opp til rommet bak urskivene. Det går ein stige vidare opp. Eg trur i
grunnen ikkje eg har veldig høgdeskrekk, men eg er litt skjelven i knea i det
eg set foten på første trinnet, og enda verre blir det, når eg trør inn
på eit skrått platå og eg er på toppen. Det kjennest noko
euforisk å stå heilt på toppen av byen og ha panoramautsikt gjennom vindauge
med gotiske bogar. Eg ser på klokka og eg har lita tid. Det er 1 minutt til
klokkene skal slå. Eg spring så fort eg kan ned stige, så trapp og det det slår
meg at eg ikkje har sjans til å klare det. Det er nok betre å stå i rommet over
klokkepspelet, enn i same rommet, så eg ventar. Med eitt slår klokkene. Det
dirrar i golvet eg står på og eg held meg for øyrene og kjennar lyden i heile
kroppen. Eg tel slaga. Talet stemmer med klokka mi og eg senker armane. Men plutseleg kjem det
ein melodi. Eg kan ikkje anna enn halde meg for øyro og nyte musikken. Heile
kroppen min smilar der eg står midt i tårnet og er ein del av det heile.
Stykket er ferdig og eg klatrar ned forbi klokkespelet som no står heilt i ro
og latar som ingenting.
Takk for turen!
 |
Den gamle klokka |
 |
Den lette trappa |
 |
Midt inne i klokkespelet |
 |
Blomen på instrumentet |
 |
Blomen på kyrkjeveggen |
 |
Blomen på klokkene. Ja, det er i denne kyrkja dei høyrer heime. |
So bra at du fekk til dette! Eg har enno ikkje gjort det - men so har eg ekstrem høgdeskrekk òg... Trur eg må spørja organisten fint ei gong eg er innom der oppe :)
SvarSlett-Mari