torsdag 11. september 2014

100åringen, 60åringen og plastbåten


Tida står stille. I alle fall kan det verke slik når ein har reist frå storbyens mas og kjas og har sjekka inn på den finaste hytta på heile Austevoll. Her er det hjarterom og husvarme og sjølv om mange av oss berre har det til felles at vi kjenner hytteeigaren, glir praten av seg sjølv. I to færingar ror vi utover fjorden for å skaffa middag. Eg sit i nyebåten. Ho kallast det, sjølv om ho er godt over 60 år gammal og er litt halt. Ja, kan ein seie det om båtar? Vi må i alle fall ro mykje meir med babord årepar for å halde ho i bein kurs. Fisken bit på alle snøra og kvar båt får eigne sortar. Fisken kjempar og stonga står i spent boge over havoverflata. Lyr og pir blir svinga inn over ripa. I gamlebåten rapporterer dei om ein merkeleg fisk som vi seinare finn ut at heiter horngjel og i plastbåten sit dei også med snøret uti. Ein og annan pale bit på, men så plutseleg drar kapteinen sjølv ein berggylt opp av havet. Den beste fisken av dei alle.  Det blir ein flott og spennande middag. Det er lite som kan måle seg med heilt fersk sjølvfiska fisk.



Det er mykje som skal gjerast på ei helg for mange, så talet personar minkar raskt utover søndagsmorgonen. Einar og eg blir att saman med hytteeigar og kjærasten hans. Vi vil nytta finvêret. Det har blåst opp svak vind til lett bris og seglevêret er perfekt. Eg er litt nervøs. Eg har aldri segla ein oselvar før, men kapteinen er trygg og dyktig og idet vi får heist segla, stramma fokka og båten glir gjennom bølgjene raskt og smidig, er det berre kjekt. Det er i grunnen litt magisk. Vi veit vi har ein buss å rekke, men vi gløymer tida og lar ho passe seg sjølv. Vi lar vinden ta oss med utover, ut til siste holme før havet, der skarven har samla seg. Vi legg over og vinden tar oss med innover att, og båten, som er over 100 år gammal, viser oss at dette her, det kan ho.



Dessverre har ikkje alle like sterke sjøbein og seglturen må ta slutt. Like før vi kjem inn til vågsmunningen svevar det ein havørn rett over masta. Vi følgjer den majestetiske fuglen med augo til han forsvinn i horisonten. Tida bankar på og hintar også om at utan bil er vi faktisk avhengige av å rekke bussen heim. Vi ror inn i vågen og trekk båtane inn i naustet.

Det viser seg når vi set oss ved middagsbordet at ingen eigentleg veit eksakt når siste bussen går. Ein kjapp sjekk i ruta viser at vi har ti minuttar på oss på å ete middag, vaske opp, vaske kjøkkengolv og forlate hytta med alt pikkpakket.  Alle med litt tidsinnsikt skjønnar at dette kjem ikkje til å gå. Heldigvis går det også ein hurtigbåt til Bergen. Vi bestillar ein drosje og har kjøpt oss 20 ekstra minuttar. Det er likevel knapt, men vi hiv i oss maten, vaskar opp i ein superfart og peisar på gjennom den nedhogde skogen mot vegen. Vi er der i same sekund som drosja. Vi set oss inn og køyrer strake vegen mot Bekkjarvik. Ein veg som i grunnen ikkje er så strak, men i alle fall. Der ser vi plutseleg bussen vi har mista. Vi spring og sjåføren er hyggeleg og ventar. Vi sig ned i kvart vårt sete og er glade for at vi rakk denne bussen. Han tar oss nemleg heile vegen heim.  





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar