Det nærmar seg haust på alle vis. Ferien
var over for over 2 veker sidan, skulen er i gang for alle dei som ikkje er
ramma av streik, nokre tre har allereie starta å gje slepp på grønfargen sin og
sjølv om vêret denne veka har gitt oss litt ekstra sommar, så har eg kunne
kjenne eit haustdrag i vinden som er kaldare enn det gradestokken gjev inntrykk
av. Haustmørkret snik seg innpå oss sakte, men sikkert no, og det gjev oss
mørkare kveldar. Ein kan ikkje stritte imot. Ein må gjere sitt beste på å
ønskje haustmørkret velkomen. Gjengen i kollektivet til syster mi veit å gjere
det skikkeleg. Haustmørkret skal ikkje kjenne seg uønska. Så dei inviterte på
Bakgårdskino. Seint ein kveld sat vi der, ein gjeng på vel 15 personar, på kvar
vår stol i bakgården midt i Bergen sentrum. Syster mi og gjengen hadde rigga
opp høgtalarar og videokanon og filmen vart projisert mot naboen sin gråe vegg.
Ein kan ikkje sjå kva for ein film som
helst når ein er på bakgårdskino. Det må liksom vere ein klassikar av eit eller
anna slag. Eller noko med historisk sus over seg, eller kanskje noko italiensk?
Ja, for ein kan ikkje hjelpe for å kjenne på at ein nesten kunne ha vore i eit
middelhavsland der ein sit. Valet fall på filmen The Artist, regissert og skriven av Michel Hazanavicius. Ein stumfilm frå
2011, der handlinga tok oss tilbake til Hollywood i svart/kvitt i 1929. Den
tidsriktige musikken fylte bakgården og vi kunne lene oss tilbake og nyte
handlinga fortalt i kroppsspråk og tekstplakatar. Sjølv om det var ein seinsommarkveld
hadde hausten blanda seg i temperaturen, så vi sat i ull, tjukke genserar, luar
og inntulla i pledd. Innimellom fekk vi besøk av hovud i vindauga ut mot
bakgården og vi kunne høyre ein fest i nærleiken. Slik er det å sjå film mot
ein båkgårdsvegg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar