onsdag 13. august 2014

Kvardagsaugneblink

Tenk at det kjem eit innlegg med den tittelen på haustens fyrste kvardag. Ja, for det er fyrste dagen tilbake på jobb etter ein eventyrleg ferie og sjølv om eg hadde mest lyst til berre å synke saman inne etter middag, så gjekk eg meg ein tur i duskregnet.

Då eg runda hjørnet oppe i gata her, gjekk eg forbi to jenter som satt og smilte så lurt på ei trapp.
-Hei! ropte ho eine.
-Hei! ropte eg tilbake og stoppa.
-Vet du hva hjerte pluss hjerte er? sa ho og smilte lurt til venninna.
Eg hadde ei aning om kva svaret kunne vere, men har erfaring med at slike spørsmål helst skal svarast med:
-Nei?
-Det er kjærlighet, sa ho og eg kunne nesten sjå for meg to strekar under svaret.
Eg smilte til dei, sa ha det og gjekk vidare.

Lengre oppe i gata stoppa eg for å sjå på utsikta over byen vår, då eg plutseleg vart snakka til igjen.

-Hei! sa den eine unge mannen. Dei var to. Begge var kledd i dressbukse, kvite skjorter og slips.
-Hei, svarte eg.
-Vi vil gjerne snakke til deg om denne boken. Han holdt fram ei svart bok med gullskrift. Eg var skeptisk. Kjente eg eigentleg ikkje hadde så lyst til å prate med nokon i kveld, men dei to jentene nede i gata hadde lurt fram smilet mitt. Dessutan, kva veit eg eigentleg om desse mormonarane? Kan det ikkje vere litt spennande å prate litt? Dermed gjekk eg plutseleg kveldstur med to trivelege amerikanarar som misjonerer i to år her i Norge. Han eine utplassert i Tromsø og han andre i Kristiansund. Dei var i
Bergen i dag på ein konferanse, og sidan det ikkje var måndag og fridag, så var dei på misjoneringstur. Eg vart nok meir fascinert over forskjellane på trua vår enn freista til omvending. Samstundes var det spennande å høyra meir om korleis dei faktisk har det medan dei er i Norge.

Eg trudde eg berre skulle gå ein kjedeleg kveldstur i kjente gater, men kom heim rikare på kunnskap om både mormonarar og kjærleik.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar