mandag 11. august 2014

Takk for no, vakre sommar.

No har eg forstått det slik at det har vore ein heilt vidunderleg varm sommar i Norge i år. Eg sjølv har nok ikkje fått kjenne så mykje av dette på eigen kropp, men er likevel glad for at dei som ikkje reiste utanlands kunne få det beste vêret i Europa i juli. Godt vêr gjer sitt til at vi nordmenn brukar naturen vår. Turistforeningen melder om at det aldri har vore så mykje folk på hyttene nokon sinne, og eg ville nok også ha søkt fleire naturopplevingar hadde eg vore meir i landet denne sommaren. For er det ikkje det sommaren går ut på? Få naturopplevingar? Anten det er fjell, strand eller sjø?

Eg har likevel fått alt. Ja, dei seier ein ikkje kan få både i pose og sekk, men eg har jammen kjensla av at det er nett det eg har fått denne sommaren, både i pose og sekk og i kofferten med. Eg har levd ei veke på ei øy ute i havgapet, blant villsauen. Med garnfiske, padling, stangfiske og filetering. Eg har gått tur langs bratte klipper på sørkysten av England. Eg har bada i asurblått hav utanfor Nice. Eg har gått fjelltur i Gorges du Verdon, ei canyon i Sør-Frankrike. Der gjekk vi tur nede langs elva også. Ein tur som innebar å ta seg gjennom ein 600m lang gruvetunnell. Bekmørk og med store dammar som det var litt for vanskeleg å kome tørrskodd over. I tunellen var det kaldt og rått og den klamme varmen stod i mot oss då vi endeleg kom til den andre sida. Etter ei stund måtte vi snu, for bilen stod på same stad.
Eg har padla på elva i canyonen. Eg har sprunge berrføtt på Europas største sanddyne.
Ned den brattaste bakken. Det kjentes nesten som å sveve. Heilt motsett av å ta seg oppover same bakke. Der kan eg berre seie at eg er einig med den vesle engelske jenta som sa til far sin, etter å ha gått ein tiandedel av bakken, med sand til midt på leggene fordi beina sklir meir tilbake enn det ein går fram, i alle fall kjennest det slik: "Daddy! My legs are dying!"
Og sjølv om beina nesten døyr, så er det verd strevet når ein kjem til toppen og kan sjå morgonlyset speile seg i Atlanterhavet og sanddyna breier seg nesten så lant auget kan sjå.

Eg har hatt to netter i hengekøye. Ei kaldare enn den andre. Ikkje like idyllisk som eg hugsar det frå Ulriken eller Italia. Neste gong skal eg ha varmare sovepose. Likevel har det sin sjarm å henge mellom to tre og sjå på stjernene til ein sovnar. Det er noko eige, sjølv om ein må søkje tilflukt i ein leigebil klokka seks om morgonen, fordi ein vert vekka av mjuke dråpar mot andletet.

Foto: Solveig Lønberg Abelsen
Eg har sett lavendelåkrar. Eg har vandra mellom plantane og høyrt insekta summe og kjent duften av dei lilla blomstrane. Eg har sett ville dyr. Ørn, oter og rev. Kanskje var det også eit villsvin som lagde den raslande lyden like bortanfor der vi hang i hengekøyene? Kven veit. Riktignok har mesteparten av dette vore utanfor naturskjønne Norge, men flotte naturopplevingar var det like fullt.

Likevel. Det er ikkje skikkeleg sommar utan ein tur til Hallingdal. Og heilt på tampen av ferien har vi fått til det også. Vi er heldige. Heldige som har Einars besteforeldre sommarbuande på ein støl på Golsfjellet. Heldige som får kjensla av å dra tilbake i tid. Til tida då kyrne gjekk på sommarbeitet på fjellet og vart lokka inn til mjølking morgon og kveld. Ei tid då vatnet måtte hentast ute og middag ikkje er middag utan dessert. Kvar dag. Slik er det på stølen enno. Og vi er takksame for å høyra til.

Vi nytta høve til å ta oss til ein av dei høgste toppane i Hemsedal. Skogshødn. Ikkje la deg lure av namnet. Der finst ikkje skog på fjellet. Det er bratt opp og siste delen er kun ei stor steinrøys. Ikkje store faste stein, men små stein som sklir under føtene dine når du går. Vi var glade då vi sto på toppen 1728 m.o.h og kunne sjå utover det som syntes som heile verda. På veg ned møtte vi han som budde i røysa, nemleg røyskatten. Eit mektig møte med ein liten krabat.


Sommaren er på hell. Ein haust med nye utfordringar ventar. Då er det godt å ha ein god sommar å tenkje tilbake på. Ein sommare med lange kveldar og late morgonar. Ein sommar med korte netter, med steikande sol og kraftige regnskurar, som var til å le seg i hel av, då vi ikkje hadde nokon stad å søkje ly. Ein sommar fullspekka med opplevingar saman med menneske eg er glad i.
Han skreiv det så fint, han Roy Jacobsen, i De usynlige: Det var den årsiden de brukte de andre tre på å lengte etter. 

No er det hausten sin tur. Og hausten har også sin sjarm. Men eg lengtar litt allereie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar