
Difor kjem det no ein serie med innlegg som vil handle om denne lista og dei plassane eg har vore på. Dette første innlegget vil naturleg nok handle om ein av dei siste plassane eg vitja. Eg har nett vore ein tur i England og der var eg innom ikkje mindre enn 4 verdsarvstadar. Eg startar med siste, nemleg byen Bath.
Bath
![]() |
Roman Bath |
Eg og reisefylgjet lot oss imponera av den flotte katedralen, Pulteney bridge, the circus, the royal crescent, assembly rooms og motemuseet. Og sjølv om det romerske badet ikkje tar imot badegjestar lenger (grunna et kjedeleg utbrot av hjernehinnebetennelse på 70-talet), så kunne vi nyte det varme vatnet frå kjelda i Bath i det nybygde Thermae Spa.
Når ein er ute på reise kan menneskja ein møter vere minst like viktige for inntrykket av staden som sjølve staden. I starten av opphaldet i Bath var vi litt uheldige og møtte nokre gretne gubbar. Heldigvis vart inntrykket retta opp igjen då vi etter stengetid fekk sleppe inn i mosaikkbutikken til ein hyggeleg kar midt inne i Pulteney bridge, og det kun for å ta bilete. Brua er ei av 4 i verda som har butikkar på kvar side av brua og veg i midten. Når ein ser brua frå sida, ser det ut som den har overbygg, men når ein kjem gåande over ho, så kan ein risikere å gå over utan å vere klar over at ein nett kryssa brua.
![]() |
Pulteney Bridge |
Heile byen ser ut som den er bygd med tanke på å hamne på UNESCO si liste. Han framstår som ein unik heilskap og gjer spaserturen i gatene spennande og interessant. Utan guide kan ein lure på kva for historiske sus kvar av bygningane ber med seg. Vi var så lure at vi tok ein guida tur med ein kunskapsrik frivillig guide. Dermed fekk vi bli kjent i byen, både historisk og geografisk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar