Viser innlegg med etiketten UNESCO. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten UNESCO. Vis alle innlegg

lørdag 20. september 2014

Bryggen - Verdsarv i eigen by


Sola skin og gavlane på Bryggen står i sikk-sakk mot blå himmel. Eg har kledd meg opp som turist for dagen og vandrar innimellom husa saman med andre turistar, stoppar opp og tar bilete og fascinerast over gammalt treverk og skeive veggar og hus som lener seg på kvarandre. Mellom husa er det gater i tre og husa står så tett at ein får kjensla av å vere inne, medan ein eigentleg er ute.

Bryggen er området der Olav Kyrre i 1070 grunnla Bergen by. Her var senteret for handel. Og det er dette som har prega utviklinga av Bryggen fram til i dag. På 1300-talet kom tyskarane og starta kontor for handel her og byen vart ein av dei viktigaste handelstadane i Europa. Det er nettopp denne utviklinga og korleis bygga har blitt ein del av bybiletet, som eit landemerke, som gjer at Bryggen har fått plass på lista til UNESCO. Det er nok heller ingen ulempe at trehusa er så godt tatt vare på heller. Dei som har overlevd bybrannane i alle fall.

Er ein på tur på Bryggen, kan ein alltid oppdaga noko nytt. Her er restaurantar, kafear, ateliear og finurlege butikkar. Eg kan forstå at staden trekk turistar. Atmosfæren er varm og god og ein kan nesten kjenne at historia viskar ein i øyra idet ein trekk innover mellom husa, bort frå bilvegen langs kaien. Det er litt underleg at eg ikkje vandrar her oftare.







Innlegg nr. 2 i serien UNESCO.

fredag 18. juli 2014

UNESCO

Det har slått meg at eg etter kvart har vitja ein del av det UNESCO kaller verdsarven vår.
Difor kjem det no ein serie med innlegg som vil handle om denne lista og dei plassane eg har vore på. Dette første innlegget vil naturleg nok handle om ein av dei siste plassane eg vitja. Eg har nett vore ein tur i England og der var eg innom ikkje mindre enn 4 verdsarvstadar. Eg startar med siste, nemleg byen Bath.

Bath

Roman Bath
Byen vart grunnlagt av romarane av den enkle grunn at dei fann ei fantastisk kjelde her. Dermed byde dei eit stort badeanlegg og tempel til ære for gudinna Sulis Minerva. Desse anlegga er i overraskande god stand med tanke på at dei vart bygd for rundt 2000 år sidan. På 1700-talet vart byen utvikla i nyklassisistisk stil, noko som komplementerer den gamle antikke arkitekturen. I overgangen til 1800-talet bada overklassen i det romerkse badet og dansa i Assembly rooms, og Jane Austen var ei av damene i flotte kjolar.

Eg og reisefylgjet lot oss imponera av den flotte katedralen, Pulteney bridge, the circus, the royal crescent, assembly rooms og motemuseet. Og sjølv om det romerske badet ikkje tar imot badegjestar lenger (grunna et kjedeleg utbrot av hjernehinnebetennelse på 70-talet), så kunne vi nyte det varme vatnet frå kjelda i Bath i det nybygde Thermae Spa.

Når ein er ute på reise kan menneskja ein møter vere minst like viktige for inntrykket av staden som sjølve staden. I starten av opphaldet i Bath var vi litt uheldige og møtte nokre gretne gubbar. Heldigvis vart inntrykket retta opp igjen då vi etter stengetid fekk sleppe inn i mosaikkbutikken til ein hyggeleg kar midt inne i Pulteney bridge, og det kun for å ta bilete. Brua er ei av 4 i verda som har butikkar på kvar side av brua og veg i midten. Når ein ser brua frå sida, ser det ut som den har overbygg, men når ein kjem gåande over ho, så kan ein risikere å gå over utan å vere klar over at ein nett kryssa brua.
Pulteney Bridge

Heile byen ser ut som den er bygd med tanke på å hamne på UNESCO si liste. Han framstår som ein unik heilskap og gjer spaserturen i gatene spennande og interessant. Utan guide kan ein lure på kva for historiske sus kvar av bygningane ber med seg. Vi var så lure at vi tok ein guida tur med ein kunskapsrik frivillig guide. Dermed fekk vi bli kjent i byen, både historisk og geografisk.


fredag 12. juli 2013

Herskapelig besøk

Når vi først er her i Piemonte, så bestemte vi oss for å stikke innom La Venaria Reale og ta en titt på arven vår (i følge UNESCO). Hele Savoyfamilien stod i ankomsthallen og ønsket oss hjertelig velkommen til sitt lune hjem. Det var de som styrte Piemonteregionen for en tid tilbake.
Vi fikk gå på oppdagelsesferd i slottet og svingte oss gjennom rommene. Det flotteste rommet var den lange, kvite marmorhallen med sjakkrutete golv. 
Det var satt av noen rom til skiftende utstillinger og vi tok en titt på bilder av Mattia Preti og kjoler av Roberto Capucci. 
Tilhørende eiendommen er det en storslått hage.

 Her har det vært mer enn én gartner på jobb. Tross steikende sol og ekstrem hete vandret vi gjennom den vakre hagen og rakk akkurat ut gjenom hovedporten før det stengte.