![]() |
| Ender på glattisen før snøen kom |
Så blei det kvit jul på oss i år også, om ikkje sjølve julehelga, så i alle fall til herleg late romjulsdagar. Eg har ein mann som vert i ekstra godt humør når verda kler seg i kvitt og det var ikkje noko unntak denne gongen heller. Måking, som på austlandet kan verta ein trøyttande aktivitet med all snøen dei er velsigna med gjennom sesongen, er det her berre lystbetont og eit ekstra pluss at vi har slik ein stor gårdsplass. Slik var det i alle fall denne gongen, ved fyrste snøfall, så får vi sjå korleis det vert på nyåret når snøen forhåpentlegvis kjem ein vakker vinterdag.Austlendingen min og eg er ikkje dei raskaste til å ta i bruk snøen. Vi gjekk til innkjøp av nye rumpeakebrett, men bestemte oss for å ta ein skitur først. Det hadde seg slik at den skituren vart planlagt til ein tidleg morgon, då vi visste at regnet skulle komme utpå formiddagen. Så hadde det seg slik at morgonen ikkje vart så tidleg som planlagt og i det vi parkerte bilen på Frotveit, så begynte det å regne. Det frista ikkje i det heile tatt for ein austlending å gå på skitur i regnvêr. Det frista ikkje for ein vestlending heller, må eg vel innrømma. Vi var likevel begge einige om at det hadde vore ein flott biltur i vinterlandskapet med hyggeleg selskap av Vebjørn Selbekk i jul i P2.
Var vi på tur, så var vi på tur. Så vi stakk innom Kongen på veg heim. I alle fall feriehuset hans. Han var ikkje heime, men det var det andre som var. For rundt i kvart eit vindauge i slottet sat der små julepynta mus og passa huset medan kongen nok var heime og feira jul.No har snøen snart regna vekk, og eit nytt år bankar på døra. Kva for forsett skal ein ha?
Eg og austlendingen min har prata litt om det. Men meir om det ein annan gong.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar