torsdag 16. oktober 2014

Hausten

Hausten altså. Den kjem alltid litt brått på etter sommaren, men når hausten får lov å ta skikkeleg over og får lov å vere seg sjølv, då får vi eit møte det er verd å få med seg. Det er lite som er vakrare enn ein klar, kald haustdag, der sola får skine på gule blad og sprake i dei raude. Og etterpå kan ein nyte krystallklar stjernehimmel, og er ein verkeleg heldig, så kler himmelen seg i blått og grønt slør som dansar for stjernene. Hausten altså.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar