søndag 30. november 2008

Endelig advent

Det er første søndag i advent i dag. Endelig! Eg har gleda meg lenge til adventstida. Til stjerne i vinduet, lilla lys på bordet, pepperkaker, mandariner, julegavelaging, adventskalender osv. Mandariner har eg forsåvidt ikkje venta med til i dag, men pepperkakene... eg har klart å vente, sjølv om det er 2 år siden sist eg spiste en pepperkake. Eg og resten av Pedagogstudentene på HiB skal arrangere adventskos på tirsdag. Det vil si at vi inviterer alle studentene ved avdeling for lærerutdanning på gløgg, pepperkaker, mandariner og adventslotteri (med gratis lodd) i aulaen i lunsjen. Skal vi dele ut gratis pepperkaker, så må vi jo også ha glutenfrie kaker. Dermed klarte eg å lure meg til å bake pepperkaker litt tidligere enn eg pleier. Det gjorde ingenting. 

2 kommentarer:

  1. Å, so kosleg! Eg trur eg skal venta litt med kakene, men eg har drukke julebrus! Det har eg venta på ei stund (ikkje to år, men dog)
    Forresten, du ser litt ut som ein fange i det antrekket...

    SvarSlett
  2. hehe, ja. Det blei plutselig litt masse striper då eg tok på meg forkleet til Einar.

    SvarSlett