søndag 16. november 2008

Ro og uro

Lommeboka mi er vekk. Søkk borte. Hadde det bare vore lommeboka som var vekk, så hadde det egentlig vore greit, men det var jo så masse forskjellig i ho også... Bankkort, sertifikat, studentkort, bibliotekkort, kinosonekort, og mange andre kort også, som eg ikkje husker i farta, men som er viktig for meg. Eg har dermed brukt ettermiddagen på å sperre konto, og kodekort og ja, det meste som skal gjøres når lommeboka er vekk. Håpet er no at ho mirakuløst skal dukke opp i morgon. Om ho ikkje gjør det, så må eg nok ein tur innom politiet, for då er det nokon som har tatt lommeboka utan å spørre. Det er ikkje særleg snilt eller høfleg. Det er i det heile tatt ganske frekt. Forhåpentligvis dukker ho opp. 

Dette har jo sjølvsagt gjort sitt til at eg har ei uro i kroppen. Magen oppfører seg ikkje som normalt. og uroen sitter langt inn i ryggmargen. Eg orker ikkje tanken på alt eg må gjøre og ordne om ho ikkje dukker opp. Det er heller ikkje så enkelt å bare tenke på noko anna. Derfor har eg prøvd diverse ting å henge tankane opp i: Matematikkinnleveringsoppgåva ville ikkje hjelpe meg med å ta tankene bort frå lommeboka. Heller ikkje Løvebakken på NRK-nettTV. Sistnevnte fungerte litt, men så stoppa alt opp midt i sendingen, så då måtte eg prøve noko nytt. Og det som får tankane mine vekk fra alt anna er: fotoredigering. Når eg holder på med det opplever eg det som dei i motivasjonspsykologien kallar flow. Eg gløymer alt anna og vert oppslukt med det eg held på med. Plutselig er klokka masse og eg kan kanskje klare å sove. Resultatet av kveldens avkobling frå lommeboktankene kan du jo også få titte på:

4 kommentarer:

  1. Lommeboka er komt til rette igjen! Hurra! Takk og pris for ærlege menneske!

    SvarSlett
  2. Hurra! Kor var ho? På bussen?

    SvarSlett
  3. Hurra for at lommeboka dukka oppatt! Og hurra for at du måtte redigere bilete for å få vekk tankane! Det resulterte i nydeleg fine blomebilete.

    SvarSlett
  4. Eg er glad for at du ikkje har lagt ut det skumle nissebiletet...

    SvarSlett