Lommeboka mi er vekk. Søkk borte. Hadde det bare vore lommeboka som var vekk, så hadde det egentlig vore greit, men det var jo så masse forskjellig i ho også... Bankkort, sertifikat, studentkort, bibliotekkort, kinosonekort, og mange andre kort også, som eg ikkje husker i farta, men som er viktig for meg. Eg har dermed brukt ettermiddagen på å sperre konto, og kodekort og ja, det meste som skal gjøres når lommeboka er vekk. Håpet er no at ho mirakuløst skal dukke opp i morgon. Om ho ikkje gjør det, så må eg nok ein tur innom politiet, for då er det nokon som har tatt lommeboka utan å spørre. Det er ikkje særleg snilt eller høfleg. Det er i det heile tatt ganske frekt. Forhåpentligvis dukker ho opp.


Dette har jo sjølvsagt gjort sitt til at eg har ei uro i kroppen. Magen oppfører seg ikkje som normalt. og uroen sitter langt inn i ryggmargen. Eg orker ikkje tanken på alt eg må gjøre og ordne om ho ikkje dukker opp. Det er heller ikkje så enkelt å bare tenke på noko anna. Derfor har eg prøvd diverse ting å henge tankane opp i: Matematikkinnleveringsoppgåva ville ikkje hjelpe meg med å ta tankene bort frå lommeboka. Heller ikkje Løvebakken på NRK-nettTV. Sistnevnte fungerte litt, men så stoppa alt opp midt i sendingen, så då måtte eg prøve noko nytt. Og det som får tankane mine vekk fra alt anna er: fotoredigering. Når eg holder på med det opplever eg det som dei i motivasjonspsykologien kallar flow. Eg gløymer alt anna og vert oppslukt med det eg held på med. Plutselig er klokka masse og eg kan kanskje klare å sove. Resultatet av kveldens avkobling frå lommeboktankene kan du jo også få titte på:


