torsdag 8. april 2010

Konsert

I går var eg på konsert med Hanne Vatnøy og band for andre gang. Det var minst like bra som sist, om ikkje bedre. Denne gangen kunne vi høre det kulaste instrumentet bedre, nemleg marimbaen til Endre. I går spelte ho også nokre nye låtar. Ein eg likte godt var den ho kalte Truth and rumour eller noko i den duren. Gler meg til ho kjem med plate.
Ta ein lytt på urørt. Der kan du også laste ned tre av låtane.

2 kommentarer:

  1. Hm, eg kjenner at eg burde vore der. Kanskje eg feilprioriterte i går. Neste gong får du gje meg eit kakk i hovudet og dra meg med. Men godt du koste deg!

    SvarSlett