mandag 1. februar 2010

København

Eg er tilbake frå København. Med meg heim har eg minnene frå ein flott tur, ein del nye ting og ein saftig forkjølelse.

Opplegget på Schæffergården var godt satt saman. Vi fekk foredrag om dansk språk, dansk ungdomsspråk, toleranse i dansk barnelitteratur og Karen Blixen. I tillegg hadde vi nokre utflukter til blant anna Karen Blixen sin heim i Danmark, som no er museum. Mange av mine medstudenter var nok litt stressa over at vi ikkje fekk så mykje tid til å sjå København. Men eg og fire andre slappa godt av, for vi skulle vere att i Køben heile helga.
På Schæffergården fekk vi treretters middag kvar kveld. Her ser vi forretten frå eine dagen då vi fekk jomfruhummer.

Då studieprogrammet var slutt tok vi beina fatt og satte avgarde mot hotellet vi hadde bestilt.

Utanfor Hovedbanestasjonen var det bare å dra fram kartet for å sjå kor vi skulle gå. Kjekt å vere turist.

Fredag ettermiddag fekk eg tid til å treffe min gode, danske ven frå folkehøgskulen. Det var fem år sidan sist vi såg kvarandre, så no var det jammen på tide.

...treng eg seie noko meir...


Ved Den lille Havfrue blei eg oppslukt i å ta bilete. Dermed oppfatta eg ikkje at resten av gjengen gjekk vidare.
Eine kvelden spaserte vi tilbake til hotellet i snøstorm. Skikkelig guffent var det.

Dermed var det veldig godt å komme inn på rommene våre, der vi drog fram spel og snacks.

København var snøkledd i helgen. Likevel er eg meir imponert over måkeferdigheitene deira enn dei vi ser her i Bergen. Og eg trur nok vi burde vere mindre overraska over snøfall enn Københavnerene...

3 kommentarer:

  1. Flotte bilete! Eg gler meg til å høyra meir om turen!

    SvarSlett
  2. Kjekt at du fekk kost deg i Danmark:) Eg er no kome godt til rette i Reykjavik, og i staden for å skrive oppgåve som eg burde gjere, sit eg og surfar alle bloggane eg kan kome på. Ei fin erstatning synest no eg...

    SvarSlett