fredag 23. mai 2008

Vennskap

Omveg er jamt
til utrygg ven,
om midt i bygdi han bur.
Men beinvegar gjeng
til den gode venen,
om han er langt av lei.

Håvamål

Eg sat og las i går. Eksamen nærmar seg (sjølv om det no er utrygt med streik og greier). Det blir litt slik då, at ein sit inne og mister litt kontakten med omverda. Eg kjente meg litt åleine, rett og slett.
Men så, plutseleg, tikka det inn ein sms. Ein særs omtenksam sms, frå ei god venninne i klassen, og eg kjente meg straks litt betre. Takk (du veit kven du er.)
Eg satte meg med nasen i boka igjen, litt betre til mote.
Med eitt, trengte eg internett. Eg freista med å sjekke e-posten i same slengen, og der låg det ein mail frå ei god venninne i Volda. Det var god lesing, og med to slike gode meldingar, kjente eg meg glad.
Då eg var på internett fekk eg ei direktemelding over msn. "kom bort hit i kveld då, det hadde vore koseleg!"
Og ja, det var det. Eg tok meg over dalen til mine to gode vener på andre sida, som eg kunne ha vinka til om det ikkje hadde vore for eit stort tre som står i vegen. Der kunne eg slappe heilt av og berre vere. Det er så godt. Tenk å berre kunne stikka innom slik, nesten uten forvarsel, som i gamle dagar, før privatlivets fred.

1 kommentar:

  1. Privatliv er oppskrytt... Hurra for rolege kveldar, film og prat

    SvarSlett