
Forrige søndag, då Einar også var her, hjalp vi til med polering og takbeleggliming på båten, slik at båten kunne bli klar til sjøsetting denne veka. Og det blei han. Torsdag fekk han vatn under kjølen igjen. Det er ikkje slik at båten er fiks og fin og alt er klart, men han synker ikkje. Det som gjenstår er litt (eller ganske mykje) meir takbeleggliming og litt polering.
I går kveld var det tid for årets første tur. Båten kan jo ikkje ligge og duppe på Nordås, når vi har båtplass på Os. Det var ein nydelig kveld, og med jordbær med fløte og sukker, og sola i ansiktet var det rett og slett vidunderlig.

I dag leser eg igjen.
Oi, det ser fantastisk ut! Godt den ikkje søkk i det minste...
SvarSlett