mandag 26. mai 2008

Litt ambivalent

Ja, eg er det. Eg har hatt eksamen i dag. I pedagogikk. Då eg fekk oppgåvene tenkte eg: Yes! eg sa det høgt for meg sjølv, til og med. Men så begynte eg å skrive, men oppdaga etter kvart då det var for seint å snu, at eg hadde valgt feil oppgåve. Eg har sommerferie, men klarer ikkje heilt å glede meg over det, når eg er usikker på om eg har klart å svare skikkelig på oppgåva. Eg veit eg har vist eg kan mykje, men ka hjelper det når eg ikkje svarer på det eg skal? Huff. Håper det ikkje er så gale som eg no føler det er.

Eg må finne noko å ta meg til, men ka skal eg gjere på? Eg treng jo ikkje lese meir før hausten!

Sommerferie er det i alle fall!

1 kommentar:

  1. gratulerar med å vera ferdig! Nyt feiren, og so går det nok betre enn du fryktar nett no.

    SvarSlett