lørdag 20. september 2014

Bryggen - Verdsarv i eigen by


Sola skin og gavlane på Bryggen står i sikk-sakk mot blå himmel. Eg har kledd meg opp som turist for dagen og vandrar innimellom husa saman med andre turistar, stoppar opp og tar bilete og fascinerast over gammalt treverk og skeive veggar og hus som lener seg på kvarandre. Mellom husa er det gater i tre og husa står så tett at ein får kjensla av å vere inne, medan ein eigentleg er ute.

Bryggen er området der Olav Kyrre i 1070 grunnla Bergen by. Her var senteret for handel. Og det er dette som har prega utviklinga av Bryggen fram til i dag. På 1300-talet kom tyskarane og starta kontor for handel her og byen vart ein av dei viktigaste handelstadane i Europa. Det er nettopp denne utviklinga og korleis bygga har blitt ein del av bybiletet, som eit landemerke, som gjer at Bryggen har fått plass på lista til UNESCO. Det er nok heller ingen ulempe at trehusa er så godt tatt vare på heller. Dei som har overlevd bybrannane i alle fall.

Er ein på tur på Bryggen, kan ein alltid oppdaga noko nytt. Her er restaurantar, kafear, ateliear og finurlege butikkar. Eg kan forstå at staden trekk turistar. Atmosfæren er varm og god og ein kan nesten kjenne at historia viskar ein i øyra idet ein trekk innover mellom husa, bort frå bilvegen langs kaien. Det er litt underleg at eg ikkje vandrar her oftare.







Innlegg nr. 2 i serien UNESCO.

fredag 12. september 2014

Tårnklatring


Eg har vore i mange tårn etter kvart. Det er slikt ein driv med på storbyferiar. Ein klatrar opp i eit tårn, får fugleperspektiv over byen og kjenner litt på lengselen etter å vere ein fugl. I byen min har vi Ulriken til slikt. Der får ein verkeleg flott utsikt, men det er ikkje eit tårn. Det er noko eige med tårn. Som student var Johanneskyrkja litt mi. Og ho fascinerar meg framleis der ho ruver på toppen av Nygårdshøyden og speidar nedover mot byen vår. Tanken har slått meg nokre gongar: -Tenk å få kome opp i det tårnet der! Men her i byen er det ingen billettseljar i våpenhuset og heller ingen lang kø av turistar utanfor. Eg er i grunnen glad for det, men likevel, eg synest det hadde vore stas å få klatre til topps i det raude tårnet med grønt tak.

Plutseleg ein dag er det nett dette eg skal få lov til. Hæ?!? Skal eg få kome opp i tårnet på Johanneskyrkja? Ja, det gjeld å ha dei rette kontaktane.
Eg har sommarfuglar i magen og gler meg til denne turistopplevinga i eigen by. Kantoren i kyrkja viser oss oppover trappene og opp til rommet der kyrkja sitt nye instrument står, nemleg klokkespelet. Eller til rommet der ein kan spele på klokkene, for klokkene heng lenger oppe. Instrumentet er fascinerande og kantoren speler ein salme for oss. Ja, det er vel ikkje berre for oss, for sjølv om det er ein liten intimkonsert, så får heile byen høyre den samtidig. Eg får avslutte konserten med eit slag på den største klokka. Ho som veg 2, 3 tonn. Ei djup, varm tone kling gjennom byen.

Vi klatrar opp gjennom luka til sjølve klokkene. 48 klokker i ulike storleikar. Frå den minste på 80 kilo til den aller største på 2,3 tonn. Dei har alle sin plass i heilskapen. Og kvar klokke har eit eige sitat støypt inn.
”..Musikk til tausheten..”
”Men vi er begynt å like dette regnet”
”Størst Ære til Gud”
Det er uverkeleg å stå inntil desse klokkene som sender sin klang over byen fleire gonger i døgeret. Det er ikkje store plassen for eit lite menneske å ta seg rundt på og eg må smyge meg langs klokkene for også å få eit glimt utover Bergen. Det kjennest som vi er på toppen av tårnet, men eg ser det går ei gammal og skrøpeleg trapp vidare oppover. Eg spør om eg kan få lov å gå vidare opp. Eg har 7 minuttar på meg før klokkene skal slå. Held det tru? Eg kjem opp fyrste trappa og klatrar forbi dei gamle klokkene. Dei er framleis i bruk. Dei kallar inn til gudsteneste, høgmesse og bryllaup. Dei har framleis den viktigaste oppgåva.

Eg klatrar forbi dei og vidare oppover. Eg kjem opp til rommet bak urskivene. Det går ein stige vidare opp. Eg trur i grunnen ikkje eg har veldig høgdeskrekk, men eg er litt skjelven i knea i det eg set foten på første trinnet, og enda verre blir det, når eg trør inn på eit skrått platå og eg er på toppen. Det kjennest noko euforisk å stå heilt på toppen av byen og ha panoramautsikt gjennom vindauge med gotiske bogar. Eg ser på klokka og eg har lita tid. Det er 1 minutt til klokkene skal slå. Eg spring så fort eg kan ned stige, så trapp og det det slår meg at eg ikkje har sjans til å klare det. Det er nok betre å stå i rommet over klokkepspelet, enn i same rommet, så eg ventar. Med eitt slår klokkene. Det dirrar i golvet eg står på og eg held meg for øyrene og kjennar lyden i heile kroppen. Eg tel slaga. Talet stemmer med klokka mi og eg senker armane. Men plutseleg kjem det ein melodi. Eg kan ikkje anna enn halde meg for øyro og nyte musikken. Heile kroppen min smilar der eg står midt i tårnet og er ein del av det heile. Stykket er ferdig og eg klatrar ned forbi klokkespelet som no står heilt i ro og latar som ingenting.

Takk for turen!




Den gamle klokka
Den lette trappa

Midt inne i klokkespelet

Blomen på instrumentet

Blomen på kyrkjeveggen

Blomen på klokkene. Ja, det er i denne kyrkja dei høyrer heime.



torsdag 11. september 2014

100åringen, 60åringen og plastbåten


Tida står stille. I alle fall kan det verke slik når ein har reist frå storbyens mas og kjas og har sjekka inn på den finaste hytta på heile Austevoll. Her er det hjarterom og husvarme og sjølv om mange av oss berre har det til felles at vi kjenner hytteeigaren, glir praten av seg sjølv. I to færingar ror vi utover fjorden for å skaffa middag. Eg sit i nyebåten. Ho kallast det, sjølv om ho er godt over 60 år gammal og er litt halt. Ja, kan ein seie det om båtar? Vi må i alle fall ro mykje meir med babord årepar for å halde ho i bein kurs. Fisken bit på alle snøra og kvar båt får eigne sortar. Fisken kjempar og stonga står i spent boge over havoverflata. Lyr og pir blir svinga inn over ripa. I gamlebåten rapporterer dei om ein merkeleg fisk som vi seinare finn ut at heiter horngjel og i plastbåten sit dei også med snøret uti. Ein og annan pale bit på, men så plutseleg drar kapteinen sjølv ein berggylt opp av havet. Den beste fisken av dei alle.  Det blir ein flott og spennande middag. Det er lite som kan måle seg med heilt fersk sjølvfiska fisk.



Det er mykje som skal gjerast på ei helg for mange, så talet personar minkar raskt utover søndagsmorgonen. Einar og eg blir att saman med hytteeigar og kjærasten hans. Vi vil nytta finvêret. Det har blåst opp svak vind til lett bris og seglevêret er perfekt. Eg er litt nervøs. Eg har aldri segla ein oselvar før, men kapteinen er trygg og dyktig og idet vi får heist segla, stramma fokka og båten glir gjennom bølgjene raskt og smidig, er det berre kjekt. Det er i grunnen litt magisk. Vi veit vi har ein buss å rekke, men vi gløymer tida og lar ho passe seg sjølv. Vi lar vinden ta oss med utover, ut til siste holme før havet, der skarven har samla seg. Vi legg over og vinden tar oss med innover att, og båten, som er over 100 år gammal, viser oss at dette her, det kan ho.



Dessverre har ikkje alle like sterke sjøbein og seglturen må ta slutt. Like før vi kjem inn til vågsmunningen svevar det ein havørn rett over masta. Vi følgjer den majestetiske fuglen med augo til han forsvinn i horisonten. Tida bankar på og hintar også om at utan bil er vi faktisk avhengige av å rekke bussen heim. Vi ror inn i vågen og trekk båtane inn i naustet.

Det viser seg når vi set oss ved middagsbordet at ingen eigentleg veit eksakt når siste bussen går. Ein kjapp sjekk i ruta viser at vi har ti minuttar på oss på å ete middag, vaske opp, vaske kjøkkengolv og forlate hytta med alt pikkpakket.  Alle med litt tidsinnsikt skjønnar at dette kjem ikkje til å gå. Heldigvis går det også ein hurtigbåt til Bergen. Vi bestillar ein drosje og har kjøpt oss 20 ekstra minuttar. Det er likevel knapt, men vi hiv i oss maten, vaskar opp i ein superfart og peisar på gjennom den nedhogde skogen mot vegen. Vi er der i same sekund som drosja. Vi set oss inn og køyrer strake vegen mot Bekkjarvik. Ein veg som i grunnen ikkje er så strak, men i alle fall. Der ser vi plutseleg bussen vi har mista. Vi spring og sjåføren er hyggeleg og ventar. Vi sig ned i kvart vårt sete og er glade for at vi rakk denne bussen. Han tar oss nemleg heile vegen heim.