torsdag 30. desember 2010

Mot 2011

Huff, så fort alt går. Med knirking under skoa og med kuldegrader til langt ned mot 20-tallet, skulle ein jo tru at tida sto stille i frosne iskrystaller. Den gang ei. Enda ei jul går mot slutten, og eit nytt år møter oss snart i døra ved neste regnskyll (skal vi tru meterologene).
Eg kjenner at eg ikkje er heilt klar for eit nytt år heilt enno. Eg var akkurat blitt godt kjent med det gamle. Det gamle ja, det bød på godt og vondt. Og no kommer vi godt overens, så no kunne vi godt fortsatt litt sammen, eg og 2010. Med meir romjul. Meir julekaker. Meir familietid og meir fri. Kanskje 2011 vil by litt på det same? Bare i ei litt anna rekkefølgje?

Eg håpar det. Dessutan håpar eg 2011 vil by på mykje leving!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar