torsdag 14. januar 2010

Vaksine

Kommunen fant vel ut at om ein skal nå gruppa i studentalder, så må ein faktisk oppsøke dei stadane dei er. Lurt tenkt. Dermed var det i dag tilbud om å få svineinfluensavaksina på studentsenteret. Og dei neste dagane skal det bli gitt sprøytestikk i studentarmar over heile by'n. Eg ville ikkje vente til tirsdag, då dei skal kome til Landås, så eg tok vaksinen i dag. Dermed er eg sikra. Eg likar å tru det. Så får eg håpe eg ikkje får nokre biverknader. Foreløpig lover det godt. Dermed er det kun for den dårlege lufta vi bør bruke munnbind, men eg er vel for forfengeleg...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar