Ja, eg har kapitulert. Eg kjenner det eigentleg som eit svik mot
den gamle sida mi, med blogg og diverse anna, men eg orka ikkje dei omstendige prosedyrene for å poste blogginnlegg lenger. Den kjem framleis til å vere der, men ikkje lenger som aktiv blogg. Eg kjem nok meir til å bruke ho til å vise korleis verda ser ut. Kanskje noko anna morosamt også vil dukke opp, men då vil eg annonsere det her.
Gratulera m ny side Magnhild! Fin frosk :-)
SvarSlettOg takk for i natt ;-)