onsdag 16. april 2008

Avslutningsmarkering?

Det er kanskje litt tidlig å tenke på, men det gikk opp for meg i dag, at Høgskolen i Bergen ikkje har tenkt å markere det på nokon måte når eg er ferdig utdanna lærar!
Kva er det for noko?!?
No er det nemleg slik at etter endt utdanning på allmennlærar på HiB, må ein sjølv ta turen opp til skulen igjen og hente vitnemålet på eit kontor. Det er ingen "Vi er stolt over lærarane vi har utdanna!" frå høgskulen si side.
Slik kan det jo ikkje vere!
Ei ørlita markering i aulaen er vel det minste vi burde kunne forvente, er det ikkje?
Andre stader er det bunad, høgtideleg overrekking av vitnemål og fest som er standarden.
Det hadde vore fint med ei skikkeleg markering i alle fall. Vi går tross alt i fire år for å utdanne oss til eit flott yrke, og det skulle bare mangle at høgskolen viser på ein eller annen måte at dei er stolte over lærarane dei sender ut av utdanninga. Og om det no er slik at dei ikkje er stolte, det kan jo hende det også, så har dei jammen meg ein jobb å gjere.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar