mandag 16. mars 2015

Vårsol

Det har vore ei vidunderleg helg. Sola har vekka fuglar, blomar og oss til liv. Ein kan ikkje anna enn å smile når solstrålane kitlar ein på nasen og ein dermed kjenner seg klar til å stå opp klokka 08.30 i helga. Dørstokkmila har svært varierande lengd  og har denne helga vore på sitt kortaste på lang tid. Med kamera på skuldra, matpakke i sekken og ei god hand i mi, bar det oppover på fjellet. Og på ny oppdaga vi kor vakker denne byen vår er. Ja, spesielt når han badar i sol etter vekesvis med regn og tunge skyar.

Når vi først er ute på tur, kan vi ikkje forstå kvifor vi ikkje har gått tur heile vinteren. Vi gløymer visst fort i denne byen. Og godt er det, for elles ville det vel ikkje budd nokon her, vi hadde vore vêrflyktningar heile gjengen.









Det er på dagar som desse, at vi skjønnar at dette er byen å bu i.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar