torsdag 4. juli 2013

Kortreist mat

"Å! Det er tungt", søstera drar garnet opp i båten i jamne drag. Ein svær krabbe har vikla seg godt inn og ligg for seg sjølv i den grøne bøtta. Snart får han selskap av ein annan som også heiter Lars. I den andre bøtta ligg ei raudspette og gispar etter luft. Sola er akkurat ferdig med å leika bølgjene oransje, og no klatrar ho høgare og høgare oppover på den blå himmelen. Sola står tidleg opp i Noreg om sommaren.
"Oj, her kjem ein rar fisk". Eg lener meg over skuldra på far min for å sjå betre. Garnet vert hengande over ripa medan vi studerer fisken.
"Wow, vi har fått skate!" bryt eg ut i noko som kan karakteriserast som skrekkblanda fryd. "Er den giftig?" Vi blir alle i stuss. Far set oss av på ein holme, der vi startar med å løsne fisk og krabbar ut av garnet, medan han sjølv ror inn etter fiskeboka.

Det er enklare sagt enn gjort å få krabbane ut av garnet, men det er godt å vere to. Eg held klørne, medan søstera mi leikar tante floke. Og med tid og stunder er alle krabbane i bøtta med tang, og fiskane, så nær som skata, ligg i ei anna bøtte.

"Jeg tror det må være en piggskate", seier far min i det han kjem roande mot oss. Eg strekk ut handa og får boka levert. Det viser seg at vi har mange skater som trivast her utanfor Noreg. Den vi har fått var, som far sa, ei piggskate. Ho skal visst vere god å ete, og sjølv om ho har nærare 30 piggar nedover ryggen, så er ho ikkje giftig på noko vis. Ho er ru å ta på. "Det er visst hudtenner, står det her".
"korleis tar vi livet av ho då?" Vi er vand med pale og lyr og slike fiskar det er lett å knekke nakken på. Denne fisken gir oss større utfordringar. "Kva om vi gjer som Lars Monsen og slår han i hovudet?", eg knyttar neva, men nølar og ser meg rundt. Søstera strekk seg etter skaftet vi har garnet på. Ho hevar det og slår med eit kraftig slag. Skata lettar litt frå svaberget og skaftet knekk i to. Det burde halda, men vi er ikkje heilt sikre, så vi gir ho eit kakk til.

Kortreist mat skal vere bra, har eg høyrt. Den siste veka har eg ete så kortreist ein kan få det. Saman med familien har eg sett garn og fanga eigen middag. Eg har smakt mykje ny fisk. Skate, berggylt, knurr og blåstål. Berggylt er nok blitt ein favoritt. Den ser tøff ut og smakar fortreffeleg. Kven treng å reisa utanlands når ein har vestlandskyst og fiskestang?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar