mandag 10. desember 2012

Advent

Eg veit ikkje, men eg trur kanskje det er eit av mange teikn på at eg i grunnen er vaksen. Eg har ikkje adventskalender. Eg kjenner heller ikkje på noko særleg sakn etter ein heller. No skal eg innrømme at eg ville nok ha gleda meg over kvar luke om eg hadde ein, men slik er det ikkje i år. Eg nyt tida med fire lys i staken, som kalendar nok.

Og så stikk eg innom Kristi si kalendar inn i mellom. Det gjer seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar