søndag 27. juni 2010

Auksjon

Marknadsdagane på Os har vore ein del av sommaren så lenge eg kan hugse. Første torsdag til lørdag rundt 23. juni går dei av stabelen. I år som i fjor vart det også arrangert auksjon. Det er visst ein ganske ny ting, ifølgje pappa, i alle fall at inntektene går til eit veldedig formål.
I fjor var det heller ein laber folkemasse som samla seg. Det var ikkje mange som bød, så pappa tok på seg den oppgåva i fjor. I år var det heldigvis fleire som deltok aktivt, og pappa fylte rollen bedre som det han hadde tenkt, nemlig ein som pressa prisene litt oppover. Min kjære søster blei også bitt av den basillen, så ho bød meg ut av konkurransen om ein super havfiskestang, som eg hadde ganske lyst på.
Årets auksjonarius hadde glimt i øyet og var også bedre til å få folk med på leiken enn fjorårets.
"Her har vi Jaguaren innenfor hageslanger. Et must for alle som har nåke å spyle. Her får du det meste med, både hjul og spylervæske". Jaguaren gikk for 650kr (veil. 1100).
Eg endte opp med ein flott kaffikvern, og var nesten fornøyd med det. (Det var den fiskestanga då, og nåken stilige kaffikoppar som glapp mellom fingrene på meg-eller retter sagt, ut av mi økonomiske komfortgrense). Men GØY var det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar