
stearinlysa skein og det spraka frå peisen. I to gode stoler framfor flammana sat eg og Kristi. Vi sa ikkje så mykje, for Kai Remlov stod for praten. Eller rettere sagt, han las høgt for oss frå Vindens skygge av Carlos Ruiz Zafón. Strikkepinnene klirra i hendene på Kristi. Stoppa av og til så Kristi kunne drikke litt kakao og nyte ein muffin.
Det kjentes ikkje så kaldt lenger, men i andre enden av stova var det framleis like kjølig. Men ikkje framfor peisen.
Då Kristi gjekk og eg sat att aleine med flammane, oppdaga eg at eg har eit eventyr i peisen.
Det var ein gong tre bukkene Bruse som skulle til seters og gjere seg feite.
På vegen dit måtte dei over ei bru. Under den brua budde det eit stort, stygt og farleg troll. Han heit eigentleg Karl Otto og likte godt blåbær, men det seier ikkje eventyret noko om.
Ein dag då trollet sat og talte vorter på venstrehanda og kjente sulten murre i magen, høyrde han plutseleg tripping frå toppen av brua.
Tripp trapp tripp trapp, sa det.

-hm, tenkte trollet, hva skal jeg gjere med det her?
Det fortsatte å trippe, så trollet måtte ta affære.
-Kven er det som trampar på brua mi! skreik trollet.
På toppen av brua fekk den minste bukken Bruse hjartet rett i halsen då han høyrde den grove røysta.
- Det er berre eg, den minste, bittelille, bukken Bruse som skal til seters for å ete, stemmen til bukken skalv.
- Jaha! No kjem og et deg, sa trollet.
Dei prata litt og de veit korleis det gjekk. Den minste bukken Bruse lurte trollet til å la han gå. Igjen sat trollet, som vi veit heiter Karl Otto, med sulten gnagande i magen.
Ikkje lenge etter høyrde trollet lyden igjen. Litt høgare denne gongen.
Tripp trapp tripp trapp.
Trollet hadde skjønt såpass at det var snakk om geiter som var på veg til seters, så han brølte:
- No kjem eg og tar deg!
- Kva!?! skal du ikkje spørje kven eg er først? spurte den mellomste bukken Bruse forundra?
- Nei, eg veit allereie kven du er, eg gidd ikkje gå gjennom høflegheitsfrasane denne gongen, svarte trollet.
- Nei, vel, då går eg berre vidare, for som du veit så kjem jo det ein som er større enn meg straks.
- Ikkje så snar, herr Bruse. Eg trur eg tek deg. Du ser akkurat passe ut for magen min i dag. Eg treng ikkje noko større.
Dermed tok trollet sats og kaste seg opp på brua, heiv seg over bukken Bruse og åt han i eit stort javs. Trollet blei god og mett og la seg til å sove under brua.
Litt seinare høyrde han langt inni draumane sine:
Tripp trapp tripp trapp tripp trapp tripp trapp
Så var lyden borte og etter nokre timar vakna trollet etter ein god blund og tok til å telje vorter igjen.
Snipp snapp snute så var peiseventyret ute.
Eg er heldig som har eventyr i peisen. Det kan endre seg kvar gong.
Å, du er heldig som har eventyr i peisen. Den mellomste bukken Bruse derimot, har var ikkje mykje heldig...
SvarSlettOg so er du heldig som høyrer Vindens skygge! (særleg om det er fyrste gong du les/høyrer den.)
Eg har hørt halve før. Kom aldri i havn. Begynner på nytt no. Trur det skal gå. Den er jo veldig bra.
SvarSlettDette var kjekt. Både peiskosen og eventyret. Og boka. Det er godt at eg kjenner deg og peisen din:)
SvarSlettKjenner et dypt savn etter en sprakende peis og en varm kopp kakao...
SvarSlettDet kan vi vel gjere noko med, Bjørnar. Eg skal nok fyre i peisen fleire gongar i haust.
SvarSlett