Nokre dagar skulle ein vore svane. Kvit og skinnande i sola. Glidande på vatnet. I komplett balanse med vassflata, der ein lar seg spegle uaffisert. Ein svane, som sjølv om han var den styggaste andungen, likevel er den vakraste av endene på andedammen. Veit han det sjølv, der han glir bortover og stikk hovudet i mudderet og kjem opp igjen, like kvit, med ei perle dryppande frå nebbet?
tirsdag 24. mars 2015
Svanesjøen

mandag 16. mars 2015
Vårsol
Det har vore ei vidunderleg helg. Sola har vekka fuglar, blomar og oss til liv. Ein kan ikkje anna enn å smile når solstrålane kitlar ein på nasen og ein dermed kjenner seg klar til å stå opp klokka 08.30 i helga. Dørstokkmila har svært varierande lengd og har denne helga vore på sitt kortaste på lang tid. Med kamera på skuldra, matpakke i sekken og ei god hand i mi, bar det oppover på fjellet. Og på ny oppdaga vi kor vakker denne byen vår er. Ja, spesielt når han badar i sol etter vekesvis med regn og tunge skyar.
Når vi først er ute på tur, kan vi ikkje forstå kvifor vi ikkje har gått tur heile vinteren. Vi gløymer visst fort i denne byen. Og godt er det, for elles ville det vel ikkje budd nokon her, vi hadde vore vêrflyktningar heile gjengen.
Det er på dagar som desse, at vi skjønnar at dette er byen å bu i.

Abonner på:
Innlegg (Atom)